page view image

dePresno

Information
event image

dePresno blei ein av dei mest spennande nykommarane frå Bergen etter at han ut frå ingenting slapp sin første singel Forever i mai 2015. Hausten 2016 fekk dePresno sitt ordentlege gjennombrot med singelen Hide And Seek, som var ein av dei mest spelte låtane på P3 det halvåret. Låten blei også framført live på bl.a. Lindmo, TV-Aksjonen og hos P3 Christine, noko som verkeleg blei startskotet for artistkarrieren til den unge bergensaren. Siden den gong har dePresno gitt ut fleire radiolista singlar, bl.a. See You Soon, Wanderers og Too Fucked Up To Love You, og i 2019 heile to debutalbum; Technicolor og Monochrome til stor begeistring for anmeldarane. Bergens Tidende trilla 5/6 og utnevnte dePresno til ”En av landets beste popsolister akkurat nå”. 

Våren 2021 medvirka dePresno i programserien De Neste på NRK1, som hadde i snitt over 350k sjåarar per episode. Samtidig slapp han ei rekke singlar etterfulgt av hans tredje album Places, som byr på ein open og ærleg reise frå Bergen til månen og skildrar livet til ein ungdom og alt som høyrer med; kjærleik, -brot, einsemd, vennskap, forventningar, sjølvgranskning og identitet. I oktober 2022 slapp dePresno ny musikk; denne gong komponert og spelt inn med produsent Odd Martin Skålnes (Sigrid, AURORA, Daniel Kvammen, Sløtface m.fl.). 

Det er på scena dePresno verkeleg fangar og engasjerer publikum med sin heilt unike songstemme og ærlige popmusikk. Dei siste åra har han holdt flere minneverdige konsertar på bl.a. by:Larm, Eurosonic, The Great Escape samt vore på Europaturné med AURORA. 

Ta godt imot ein av landets beste låtskrivarar. Med seg har han Ronny Yttrehus på gitar.

Einschränkungen

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
18 års aldersgrense