page view image

Avskjedsturné - Skambankt

EVENT INFORMATION
event image

Siste reis for Skambankt!

Etter nærmare to tiår på vegen og ti album i sekken, takkar Skambankt for seg. Noregsturnéen i haust blir bandet sin siste. Skambankt har befesta seg som eit av dei største rockebanda i Noreg. Deira unike vri på melodisk og hardtslåande, men også poetisk og meiningsbærande rock har treft ein umiddelbar nerve hos norske lyttarar.

Mellom 2003 og 2014 gav bandet ut fem album før dei tok ein kort pause. Etter at Skambankt kom tilbake, seint i 2017, skulle ting gå kjappere. Bandets sjette album «Horisonten Brenner» kom i 2018, før ytterlegare tre kritikarroste album fulgte fortløpande. I tillegg til å turnere aktivt og besøke utallige spelestadar i Noreg, samt å spele på masse festivalar, rakk altså Skambankt å sleppe fire album på fire år.

25. februar 2022 slapp Skambankt sitt tiande album «TI». Det kritikarroste albumet var ein kjærkommen tilbakekomst til bandet sitt hardare rockerepertoar og tok både lyttaren og bandet tilbake til utgangspunktet. Slik representerer også «TI» ein slutta sirkel. Etter nær 20 år på scena i inn- og utland og ein massiv merittliste ser Skambankt seg no klare for å gå vidare til andre horisontar, men først legg bandet ut på ein siste avsluttande turné. Ein siste fest og ein takk til fansen som har holdt med dei alle desse åra.

Skambankt uttalar:

«Kjære Skambankt-venner
Vi har én god og én dårlig nyhet. Den gode er at vi snart skal på turné igjen. Den dårlige er at det blir vår siste. Det er en tid for alt, og tiden for å kaste inn Skambankt-håndkleet nærmer seg. En lang tur går mot slutten. En skikkelig god tur som har bydd på medvind og motvind, solskinn og regnvær. Vi gleder oss stort til den siste etappen. Det er vemodig og litt trist, men ikke dramatisk. Etter 10 albumutgivelser ønsker vi å lukke denne døren, noe som vil gi oss muligheter til å åpne andre. Vi har sjarmøretappen igjen og den har vi bestemt oss for å nyte sammen med dere."

Det blir stort og det blir vemodig å høyre dei på Vesle Kinn ein siste gong. 

Billettslepp søndag 4. september kl. 20. 

Restrictions

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.
Ståande konsert
Dørene opnar kl. 18.00