page view image

Bare Egil Band

Arrangementsinformasjon
event image

Bare Egil Band på Vesle Kinn! Billettslepp søndag 18.06 kl. 20.

Bare Egil Band har holdt det gåande i omtrent ein mannsalder med sin særeigne blanding av idioti, politisk aktivisme og lokalt forankra svada satt til ein stilsprikande, men alltid fengande og i Egil sine eigne auge svært undervurdert musikk.

Han slo gjennom med eit brak i 1996 med den gullselgande debutplata “Absolutt ikke”. Med singlane “Tagging og Sko”, og evige suksessar som “Arne”, “Speider’n” og “Asfalt” solgte den raskt til gullplate og har blitt ein slags moderne klassikar, som stadig rekrutterer nye fans i alle aldersgrupper.

Bare Egil Band finst i ein lang rekke variantar. I utgangspunktet er Bare Egil Band berre Egil med kassegitar, men det hender at han har med seg et fullt backingband, som oftast beståande av heile eller mesteparten av El Cuero. Då skal det eigentleg heite Ikke Bare Bare Egil Band Band, men det hender at dei slurvar med navnedistinksjonane. Han har også ein svært populær barneforestilling saman med sin gode venn og kollega Aslag Guttormsgaard under navnet Bare Egil og Aslags superpopulære barneshow.

Egil sjølv er også kjend for hyppige framsyningar på Brille og Nytt på nytt på TV og han har også markert seg som skodespelar i filmane “Gilberts grusomme hevn”, “Hakkebakkeskogen” og “Det norske hus“.

Han er i tillegg stadig aktuell med sine andre band som Thulsa Doom og Black Debbath. I begynnelsen av 2019 slapp Bare Egil Band sin nye singel “Husker du meg?”og sånn i tilfelle du lurer, ja han hugsar deg!


Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje