page view image

Black Debbath // Vesle Kinn

Informasjon
event image

Bursdagsinvitasjon

Kva: Black Debbath sin 25-årsfeiring, jubileumskonsert.

Kor: På din spelestad

Når: Hausten 2024

Antrekk: Røffe rockeklær


Kjære publikummar! Du er med dette invitert til å få kjøpe billett til Black Debbath sin jubileumskonsert. Det blir storslagen feiring av deira lange karriere, med så vel leikar som underhaldning. Dei beste og mest evigaktuelle låtane frå ni studioalbum vil bli framført (var det nokon som sa «problemer innad i Høyre»?), og det blir muleg å ta med "kostbarheter" til det store gåvebordet. Av aktivitetar kan nemnast sekkeløp, blindebukk og høl i hatten.

Jubileumsplata ‘Bortkastet hardrock vol. 1 (De første 25 årene)’ blir sleppt i høve jubileet. Den vil innehalde eit nøye kuratert utval raritetar, frå før utilgjengelig på fysisk format (eller i det heile tatt). I tillegg puttar dei på eit par splitter nye låtar for høvet. Alle som kjem på bursdagsfeiringa vil få (kjøpe) med seg ein heim.


S.U. innan 01.11.2024


Hilsen Black Debbath og Vesle kinn


Turnéliste: 

27.09 Nøtterøy Kulturhus, Nøtterøy

28.09 Bølgen Kulturhus, Larvik

04.10 Artilleriverkstedet, Horten

05.10 RIP, Porsgrunn

18.10 Månen Kulturhus & Scene, Fredrikstad

19.10 Kulturbanken Kreti & Pleti, Jessheim

25.10 Odal Rockeklubb, Odal

26.10 Festiviteten, Hamar

01.11 Vesle Kinn, Florø

02.11 Rauma Kulturhus, Åndalsnes

08.11 Rockefeller, Oslo

09.11 Verket Scene, Moss

15.11 Folken, Stavanger

16.11 USF Verftet, Bergen

29.11 Byscenen, Trondheim

30.11 Arnemoen Gard, Ringebu


Ordinært billettsal startar 12/5 kl 20.

Forsalg for alle som har kjøpt billettar til MarOder (på ticketco) i perioden 5/5-11/5. Ein får då e-post med promokode


Restriksjoner

18 års aldersgrense
Kjøpte billetter blir ikkje refunderte.