Daniel Kvammen // Vesle kinn
Kvammen har spelt konsertar på alt frå dei største festivalane i landet, til ein mykje omtalt hytteturné på Hardangervidda. Frå Gaustadtoppen til Rockefeller. Ulike format, men alltid samme nærvær for eit stadig veksande publikum. Kvammens låtar har vist seg like sterke, anten dei blir framførte med fullt band, som nedstrippa triovariant eller framført av den folkekjære artisten åleine. Dei siste åra har Daniel både gitt ut albumet "Guta som gret" og «Absolutt Klining». «Guta som gret» er ei skive som leverte ikkje mindre enn seks radiosinglar og drømmesamarbeid med både Gabrielle, Aslag Haugen frå Hellbillies og Amanda Bergman frå Amason. På «Absolutt klining» samla Kvammen mykje frå sin allereie store låtkatalog i eit meir akustisk format. I 2025 kan ein live forvente ei god rekke hits frå hele Daniels karriere!
Restriksjoner
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
18 års aldersgrense