page view image

Egil Olsen // Vesle Kinn

Informasjon
event image

Egil Olsen har turnért og gitt ut plater sidan starten av 2000-tallet, og slapp nettopp sitt nye album 'big babies'. «Rareste og fineste om å leve i vanskelige tider» skriv VG, som også omtalar han som «Noe av det fineste og mest underfundige vi har» og som «en av landets morsomste liveartister». Med sine såre, melankolske og finurlige viser, og sin underfundige humor og unike kontakt med publikum, har Egil Olsen etablert seg som ein annleis og eineståande liveartist. Han har spelt konsertar i både Japan, Kina, USA og Tyskland, og stått på dei minste og største scenene og festivalane her i Noreg.


«Big Babies er det største verket han har levert fra seg - det låter som en million dollar!"

- Big Dipper


Egil Olsen har også laga musikk til både film, tv og dataspill. Han hadde nyleg to låtar i Netflix-serien 'First Love' og bidrog med rulletekstlåten til den nye norske animasjonsfilmen 'Titina'. I spelet 'Dreamfall' har han fleire songar, og dukkar til og med opp som animert 3d-figur med ein eigen konsert inne i spelet. I tillegg lagar han sine eigne musikkvideoar og platecover, og har hatt sin eigen sjølvbiografiske teikneseriestripe i Dagbladet om "livet som relativt ukjent superstjerne". Det finst til og med en Egil Olsen-tributeplate, med norske artistar som tolker songane hans.


På det nye albumet 'big babies' ser han på seg sjølv og verda ovanfrå. Han observerer seg sjølv og mennesket frå utsida og utforskar mørket og lyset i kaoset vi lever i. Med seg på albumet har han fått med flere fine jazzmusikarar og ein av sine favorittartistar, Nellie McKay. I duetten 'you be the darkness you be the light' får mørket og lyset bokstaveleg talt harmonisere.


«Lekenheten tar en annen form og humoren er smartere»

- Disharmoni


Egil Olsen sin musikk er tilgjengelig på både CD og vinyl, og på alle streamingtjenester.


«En av landets aller beste låtskrivere»

- Dagens Næringsliv


«Hinsides vakre låter»

- Dagbladet


«Egil Olsen er en sjanger for seg selv»

- Klassekampen


«En suveren entertainer»

-Erik Valebrokk


«Et av de beste livealbumene jeg har hørt på mange år»

-Musikknyheter


«Sender en armada med endorfiner på rundreise gjennom kroppen»

-Popklikk


«Tekstene er selvransakende, selvutleverende og fordømt gode»

-Musikkbloggen



Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje
18 års aldersgrense