page view image

Elin Hopland - humanitært arbeid på Gaza

Informasjon
event image

Elin Hopland var sju veker på Gaza i vår. Der jobba ho for Røde Kors. Elin er farmasøyt og eit kjent ansikt frå Vitusapoteket i Florø. På Gaza var ho med på å sette opp eit feltsjukehus og drifte dette. Elin er politisk nøytral når ho jobbar for Røde Kors. Denne kvelden ønskjer ho å få fram dei positive og fremtidsretta menneska ho møtte, trass i den ekstreme situasjonen dei står i. Ho vil fortelle om samholdet i teamet ho var ein del av, som står på for å kunne hjelpe trass i hindringane dei møtte.

Elin sin visjon er: "Om vi ikke kan gjøre alt så kan vi gjøre noe!"

Elin vil også snakke litt om humanitært arbeid og kva det betyr for ho. Ho har også eit anna oppdrag bak seg, i Syria i 2019.

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes ikkje