page view image

Eliot Bronson // Vesle Kinn

informasjon
event image

Eliot Bronson er tilbake på Vesle Kinn! 

I over fem album har Eliot Bronson skapt sitt eige sound innanfor Americanasjangeren. Han har vunne fleire utmerkingar for musikken sin, turnerer jamnt og trutt i USA og Europa, og med si karakteristiske kraftfulle og inderlege stemme har han vunne hjarte over heile verda.

Hans vekentlege liveframsyningar på Facebook, som starta under pandemien, har forlengst passert 150 samanhengande verk, og har gitt ham et heilt nytt publikum. 

Der hans to første album blei produsert av Grammy-vinnande Dave Cobb (Jason Isbell, Christ Stapleton), så er hans sjølvproduserte “Empty Spaces” frå 2020 eit foreløpig høgdepunkt i Bronson sin katalog. Eit samlivsbrot førte ham frå Atlanta til Nashville, og deretter til ein etterkvart legendarisk turné i Noreg, som skaffa han både nye venner og nye fans over heile landet. Inspirert av brot og Europaturné laga han ei plate som er tungt inspirert av livet og landet han besøkte når alt var på det mørkaste. 

Endeleg er han tilbake på norsk jord, med seg har han kjærasten Jenna Shea Mobley, på fele og vokal. Saman vil dei garantert finne nye fans, nye venner og ikkje minst trollbinde eit publikum som har venta i tre år på denne returen.


Artisten Erik Lønskog står for åpningsshow kl. 20:00 før hovedattraksjonen. Han har en lidenskap for låtskriving og gitarspilling, og fingrene hans kribler etter å få spille for dere. Han spiller både pop, folkrock og blues som drar inspirasjon fra blant annet Joni Mitchell, Tom Petty og Stevie Ray Vaughan. Dette vil dere ikke gå glipp av!

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje
18 års aldersgrense