page view image

UTSOLGT! Fredrik J. Helland - 22 juli 2011

Informasjon
event image

Fredrik Johan Helland fortel om innsatsen til Hans Majestet Kongens Garde 22. juli 2011 og dagane etter.

Då bomba gjekk av i Regjeringskvartalet denne ettermiddagen, blei hovudstaden og landet sett på hovudet. Oppdraget til soldatane var å beskytte Slottet, eit kjent terrormål berre 1000 meter unna der bomba gjekk av. Fredrik Johan Helland var soldat i 1. gardekompani, som hadde vakt då terroren råka landet vårt. Han fortel mellom anna om soldatar i førstegangsteneste, som låg med skarp ammunisjon midt i Oslo sentrum, politifolk som blei lagt i bakken og planane om å grave opp Slottsplassen.

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes ikke
18 års aldersgrense