page view image

Garrubo

Arrangementsinformasjon
event image

Gabriela Garrubo har vore eit stjerneskot på musikkscena i Bergen og Noreg dei siste åra. Tekstane – på engelsk og portugisisk - handlar om å finna seg sjølv og styrke i ei  kaotisk og urettvis, men også fin verd, medan musikken kombinerer skandinavisk jazz og brasiliansk musikk frå åttitalet. Etter opptreden på Vill Vill Vest gav Bergens Tidende konserten 6 av 6 hjarte og skreiv: "Måten hun silkemykt beveger seg gjennom skalaene og veksler mellom myke toner og hissige støt, er til å bli bergtatt av.»

Garrubo arbeider for øyeblikket med å gjere ferdig debutplata si. Det er endå ikkje satt ein sleppdato, men dei håpar å ha første singel ute før dei reiser på turné. Gabriela har det siste året turnert med stjerneskotet Metteson, i tillegg til å spele konsertar med tradisjonell brasiliansk musikk, i duo med Per Olav Kobberstad eller trioen Cala Boca. Ho er ein svært ettertrakta musikar og songar, som mange vil ha med i sine prosjekt og band. Dette gjeld også resten av gjengen. Saksofonist Elisabeth Lid Trøen er aktuell blant anna med New paintings of Jazz - bestilling frå fjorårets Vossa Jazz, som blir rost opp i skyene same kor det blir omtalt. Johannes Nøkling er ein av dei mest spennande gitaristane i sin generasjon; bergensaren spelar blant anna med kritikarroste Thea Wang. Perkusjonist Audun Humberset driv smått legendariske Modal Afrique, men spelar også i ei rekke andre grupper, blant annet Miss Tatis Angola 70. Nils Henrik Sagvåg og Cato Lyngholm er begge ettertrakta musikarar kvar for seg, men dei opptrer også ofte i par, og det høyrer ein! Dei låter bestandig like stødige og samspelte, anten dei spelar jazz, rock eller dansemusikk. Saman opplevast dette bandet som både leikent og stødig på same tid. Vi gler oss til dei kjem!


GABRIELA GARRUBO vokal, ELISABETH LID TRØEN saksofon, JOHANNES AAGAARD gitar, NILS

HENRIK SAGVÅG kontrabass, AUDUN HUMBERSET perkusjon, CATO LYNGHOLM trommer

Restriksjoner

Kjøpte billetter refunderes ikke