Gill Landry // Vesle Kinn

Berre namnet GILL LANDRY får americanakjennarar til å rette ryggen og følge med. Den tidligare gatemusikanten frå Louisiana fann suksess som ein del av det mange meiner var den beste lineupen til Old Crow Medicine Show. Som vikar frå 2005, og fast medlem fra 2007 til 2015. Bandet vant to Grammy-prisar i perioden han var medlem, og gav ut sine aller beste plater.
Men Gill Landry hadde så mykje meir å melde, og samtidig som han spelte i OCMS ga han ut tre soloalbum, i 2007 og 2015. Solokarrieren fekk fullt fokus frå 2015, da han valte å slutte i OCMS for å fokusere på sine eigne låtar og sin eigen musikk. Låtar som ikkje passa inn i “formatet” som var blitt Old Crow Medicine Show til del. I 2017 kom hans 4. album, og hans mørke, nesten gotiske americana fekk enormt god mottaking hos anmeldarar og publikum over heile verda.
Landry har samarbeida med artistar som Brandi Carlile og Felice Brothers, samt med musikarar som spelar med blant andre Justin Townses Earle, Mumford & Sons, Bruce Hornsby, Andrew Combs, Rayland Baxter og mange mange fleire.
Hans sjette album, “Cinnamon Canyon Blues” kom ut i 2024, og har fått solide tilbakemeldingar fra anmeldarar overalt.
Restriksjoner
Dørene opnar 18.00
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
18 års aldersgrense