page view image

Highland Fling // Vesle Kinn

Informasjon
event image

Highland Fling er eit band med utspring i det svært aktive musikkmiljøet i Eikerbygdene på 90-tallet. Bandet blei etablert i 1995 med ein besetning på 5, og auka til 6 etterkvart. Dei spelte omlag 500 konsertar frå 1995 til dei la opp i 2002. Toppen hadde dei i 1998 med 110 jobbar. Vi hadde ein avslutningskonsert i ´02 på legendariske Marthas Have i Hokksund med nesten 700 personar. Repertoaret består utelukkande av irsk trad og «utrad» musikk. Alt frå gamle irske folkesongar, The Dubliners til The Waterboys og The Pogues. Bandet gjer ein eigen vri på materialet og serverer med fullt trøkk med trommer og bass, og masse fleirstemt song undervegs. De vil få høyre klassikarar som Wild Rover, Whiskey in the Jar, Raggle-Taggle Gypsy, Streams of Whiskey, The Town i Loved so well og maaaaange fleire. Etter ein liten lokal reunion i 2018, har vi spelt nokre konsertar og er veldig klare for meir. Ein kveld med Highland Fling er ein kveld med full gass!

Besetning:

Eskil Aasland: Trommer og kor.

Tore Kaspersen: Gitar, banjo og kor.

Andreas Ljones: Fele og fløyter.

Knut Hofseth: Bass og kor.

Morten Nymoen: Gitar, mandolin og kor.

Gorm Smørgrav: Vokal, mandolin og gitar.

Restriksjoner

Kjøpte billetter blir ikkje refunderte.
18 års aldersgrense
Ståande konsert