page view image

Krig og pandemi i Europa - foredrag med Roger Severin Bruland

Informasjon
event image

Med NRK mikrofonen tett til brystet i uvær, flyalarmar og med flammande nynorsk, har vi fått innblikk i gode og særs utfordrande tilstandar i midt og Øst-Europa. Roger Sevrin Bruland er frå Utvik i Stryn og har dei siste 15 åra arbeida for NRK. No er han Europa -Korrespondent og har det siste året mellom anna gitt oss nyheiter frå Ukraina.

Han mottok Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2022 for bruk av nynorsk i media og er eit føredøme for andre i å uttrykke seg med si eiga dialekt.

No kjem han på turne med eit foredrag om kvardagen som Europa-korrespondent, og korleis han med sine erfaringar kan gje eit bilde av Europa i dag.

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje