Line Dybedal Duo - "Til havet" // Vesle Kinn

Line Dybedal er artist, låtskrivar og forfattar frå Selje i Sogn og Fjordane. Ho starta i bandet The Pink Robots (to album), men gjekk solo i 2012, då på engelsk. Raskt vart tekstane til på nynorsk og med dialekta sett i fokus. Dybedal har gitt ut to album, to EP-ar og fleire singlar på norsk, og har samarbeida med moa Odd-Erik Lothe, Geir Luedy, Magnus Skylstad (AURORA) og Eivind Buene.
Ho har også skrive musikken til NRKSuper-serien “Bli med heim” og gitt ut barneboka “Eit hjarte til jul” (Samlaget 2021) som ho og gitarist Mathias Marstrander reiste rundt med november/desember 2021 og 2022, til saman 32 forestillingar rundt om på Vestlandet. Forestillinga vart spelt i Florø Kulturhus i desember i fjor! I tillegg spelte Dybedal konsert på Kinnaspelet (saman med Odd-Erik Lothe) i 2022.
Line Dybedal og Mathias Marstrander vil spele låtar frå det kommande albumet, samt nokre av låtane du kanskje har høyrt i rotasjon på NRK P1 som På ei øy, La oss vere to og For ei herleg verd (What a wonderful world). Dybedal sine tekstar er på nynorsk og ho syng på dialekta frå ytre Nordfjord.
Tekstane til Dybedal er ærlege, stemma hennar er nær og var og ho vil saman med gitarist Mathias Marstrander skape ein stemningsfull konsert på konsertscena hos Vesle-Kinn.
Tanken bak dette albumer er at folk skal kjenne stoltheit og tilhøyrigheit til kysten. Teamet er kysten og folket. Kystfolket har ein felles kjærleik til dette uendelege havet.
Vi har fått mykje av havet, men havet har også teke kjære frå oss. Dette er eit turbulent kjærleiksforhold som artisten også vil vise fram til dei som ikkje bur ved kysten.
Mathias Marstrander er ein gitarist du vil sjå meir av, då han spelar på dei store scenene vi har i landet med moa Halie, Hannah Storm, De Presno, osv.
Restriksjoner
Kjøpte billettar refunderast ikkje
18 års aldersgrense