marOder kjem til Florø

Arrangementsinformasjon

marOder er ein psykedelisk slowrocktrio med underfundige norske tekstar, der dei tre bandmedlemmane trakterer alt frå gitar, orgel, synt, vokal, kor, klokkespel, perkusjon, trommer og basspedalar. Tidvis på ein og same gong. Maroder er ein trio, men høyrast ut som eit heilt orkester.

Låtskrivar og frontmann i marOder, Aslag Guttormsgaard, er ein av nøkkelmedlemmane i Duplex Records og har i godt over 20 år inntatt norske konsert og festivalscener med ei lang rekke rå, morosame og rare bandprosjekt. Vi nemner i fleng The-O men, Hurra Torpedo, L.Y.D, Reidar Roses Orkester, Aasen, Bare Egil og Aslags superpopulære barneshow og sist men ikke minst Black Debbath. 

marOder er eit av dei siste skota på Duplexstammen og med seg i bandet har Aslag sine to gode venner Gunnar Berg-Nielsen og Atle Hassel! (Saluki, Gartnerlosjen, Boy og Tramteateret mm.) marOder gav ut sitt fjerde album ”Skjør anledning” hausten 2019. Dei starta den gongen på ein turné i forbindelse med dette, men uheldige omstende knytta til flaggermus og beltedyr, gjorde at denne turneen blei utsatt til hausten 2021. No er det lys i tunellen og marOder  er derfor atter ute for å spreie den norske slowrockens glad-dystre bodskap.

marOder siste album kan høyrast her: https://orcd.co/skjoranledning

Heile diskografien kan høyrast her: https://open.spotify.com/artist/5UCZ0WsjtdHVkhdzOWv4EC?si=Lff_H0D5RTW1EYTazeuMCg

”Det er ikke bare de musikalske raritetene som gjør at det å være på konsert med marOder, er en fryd. Dette er musikere som koser seg på scenen, som får publikum til å kose seg og serverer tekster som får selv salens mest alkoholiserte mann til å stoppe opp og tenke litt. Det er solide tekster, en sterk opptreden og ikke minst så mye morsomme lyder og instrumenter at det ikke helt kan forklares. Denne trioen må oppleves”. Hiss!g.no

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
Dørene opnar kl. 18.00
Ca halvparten sitteplassar - "Førstemann til mølla-prinsippet"