page view image

Minor Majority Duo // Vesle Kinn

Informasjon
event image

Minor Majority debuterte med plata Walking Home From Nicole’s i 2001 og har over tjue år som plateartistar bak seg.


Med låtar som «Dancing in the Backyard», «Come Back To Me», «(In That) Premature Way», «She Gave Me Away» og «Supergirl» var bandet med på å definere det første musikalske tiåret av totusentalet her heime.

Bandet fekk også eit solid fotfeste i Europa, spesielt i Frankrike, Sveits og Tyskland, der dei hadde stor suksess med albuma Up For You & I (2004) og Reasons To Hang Around (2006). For sistnemnte vann Minor Majority Spellemannsprisen i klassen for «beste popgruppe» i 2006.


I løpet av karrieren har Minor Majority spelt meir enn 700 konserter over heile Europa.


Dei siste åra har bandet vore svært aktive på platefronten og gitt ut tre album på under fire år (Napkin Poetry (2019), The Universe Would Have To Adjust (2021) og Kiss Off (2022). Samtlege har fått gode kritikkar både her heime og ute i Europa. Etter ein vellukka tysklandsturné i september, vil nokre utvalte byar få oppleve dei som duo i desember og utpå nyåret. I dette formatet kjem publikum tettare på bandet og nærmare låtane slik dei var når dei blei laga.


Vokalist Pål Angelskår seier:

«Konsertene vi gjør i duoformat er noe av det morsomste vi gjør. Det er transparent, intenst og aldri helt feilfritt. Det er en ekstra spenning som oppstår både hos oss og i publikum når sangene plutselig ikke har noe å gjemme seg bak. Ingen rytmeseksjon eller synth-tepper, bare to gitarer, to stemmer og en god porsjon nervøsitet.»


Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
18-års aldersgrense
Dørene opner 18.00