Odd Erik Lothe + Mighty Magnolias

Arrangementsinformasjon

Laurdag 23. april feirer Odd-Erik Lothe & Mighty Magnolias sitt nye album på Vesle Kinn. Ein stad mellom Ulf Lundell, The Band og Jayhawkes har visesongaren frå Nordfjord funne felles grunn med det framadstormande americanabandet frå Hordaland. Albumet (som foreløpig manglar tittel) blir sluppe dagen før, så her snakkar vi ferskvare! Som så mange andre har låtskrivarane Odd-Erik Lothe og Emil Nortveit brukt koronatida på å skrive og spele inn nytt materiale. Sjølv om innspelingsprossessen har vore krevande, med stadige restriksjonar, karanter og avlyste reiser, sit gjengen igjen med eit svært potent viserockalbum dei er voldsomt stolte av å få delt med publikummet på Vesle Kinn. Fyrste smakebit frå albumet kom i juli i form av den over 6 minuttar lange  ”Liten gut”.  Konserten vil vere todelt. I fyrste del presenterer Odd-Erik albumet, samt enkelte høgdepunkt frå eigen katalog, saman med Mighty Magnolias. Etter ein kort pause vil Mighty Magnolias presentere låtar frå sine tre album + nye singelutgjevingar. 

Sidan Odd-Erik Lothe og Fabel debuterte i 1995 med Jordbær og grasbrann har han i alt utgjeve 12 album. Dei poetiske tekstane på nordfjordmål har saman med eit mangesidig viseutrykk skaffa han eit trufast publikum og ein lett gjenkjennelig identitet som artist. I dei seinare åra han gitt ut fleire album under eige namn og bandet Lothe. Odd-Erik Lothe sine låtar har vore flittig lista av NRK P1, og to gongar har dei kåra album han har vore med på til årets album. Sitt siste album, Rust, gav han ut saman med Mighty Magnolias i 2020. Igjen resulterte dette i strålande kritikkar og solid radiorotasjon for tittelkuttet. 13. november slapp Odd-Erik julesingelen ”La det fine skine”. Låta er valgt ut som ein av NRK P1 sine mest spelte låtar fram mot nyttår.

Mighty Magnolias tok det norske americanamiljøet med storm då dei gav ut sitt fyrste album «Somewhere north of nowhere» i 2016. Seinere har dei befesta sin posisjon med dei kritikerroste albuma «Unknown skyline» og «Magnolianesque». Sistenemde blei kåra til årets album av musikkbloggen Dust of daylight. Tette vokalharmoniar frå frontfigur Emil Nordtvedt og medvokalist Ine Tumyr, gjer saman med Erik Rollands høgst originale gitarspel bandet til noko heilt spesielt. I tillegg utgjer Erik sine brødre William (bass) og Idar (trommer) resten av bandet. Bandet er i desse dagar aktuelle med singelen Savior in the night, som er ein duett med ikkje ukjende Ida Jenshus.

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
Dørene opnar kl. 18.00
Ca halvparten sitteplassar - "Førstemann til mølla-prinsippet"