page view image

Oddny

Informasjon
event image

Oddny er eit alternativt rock-fenomen med tekstleg pondus. Her vert det vestlandske underfundige smelta saman med element frå rock, folk og honningsøt pop.


“...det står fram som ei meir smidig og elegant utgåve av bergenske Hjerteslag. Med eit tekstinnhald og ein leveranse som eg aldri har høyrt liknande av før” - Platearbeidaren, Roald Hansen, Firdaposten.


Særeigne tekstar frå perspektivet til bygdeguten i byen og musikk som er mild, men ikke mjuk, gir gruppa ein forfriskande identitet. Sommaren 2023 slapp gutane debut-singlen Skjønnameina?, som Popklikk.no lista blant dei beste norske låtane så langt i år. Etter konsertar i landets største byar besøkjer dei Florø og Vesle Kinn til våren!


Ka-pow! Få med deg Oddny på Vesle Kinn fredag 22. mars!

Restriksjoner

18 års aldersgrense

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke