page view image

Peter Piek og Ava Freddy // Vesle Kinn

Arrangementsinformasjon
event image

Peter Piek og Ava Freddy møtte kvarandre i Berlin i 2010, då dei begge spelte på Knack Club under ein singer/songwriter-festival det året. Sidan den gong har dei turnert samen med ujamne mellomrom, og delt scener rundt om i Europa. Deira ulike sound bidrar til at publikum får oppleve ein variert kveld, med eit bredt spekter av uttrykk. I 2023 vil dei igjen dele scene då dei legg ut på sin «Northern Beaches' Tour», med start i Leipzig, videre opp gjennom Tyskland og Danmark, før de fortset nordover langs Vestlandskysten. Artistane vil spele eit sett kvar på Vesle Kinn den 1. juni, så det blir altså to solokonsertar. Det vil vere første gang både Ava Freddy og Peter Piek spelar i Florø! 

Velkommen!


Meir info om artistane:

Peter Piek er ein svært mangefasettert kunstnar. I tillegg til å vere multi-instrumentalist, forfattar og performance-kunstnar, er han kjend for sine fargesterke og originale maleri. Sidan 2006 har Pieks fokus vore symbiosen av hans visuelle og auditive kunst. Han er også kjent for sin særeigne, lyse og intime vokal, pakka inn i eit lydlanskap som inkluderer både det akustiske og elektroniske. Blant artistar han kan assosieres med, har vi Thom Yorke, Bon Iver og Sufjan Stevens.

“There are people who don’t seem to know what to do with all their talents. The versatile Leipzig artist Peter Piek undoubtedly belongs to this species. His songs are atmospheric soundscapes that tell stories.”

Süddeutsche Zeitung

Heileside: www.peterpiek.com

Facebook: https://www.facebook.com/peterpiek

Spotify: https://open.spotify.com/artist/43ubj4kxkN6UZcmRu1ZJDW?si=uEuntgjYTFWaQhQ0UxQrxQ

Youtube: https://www.youtube.com/@peterpiek

Linktree: https://linktr.ee/peterpiek


Ava Freddy er ein nordisk låtskrivar, artist og produsent. Hennar siste album, The Tree, var ei nostalgisk sak med orientalsk tilsnitt. Hun har røter i ein akustisk sfære, og ein klassisk låtskrivartradisjon, og har turnert i Europa ved flere høve. Den internasjonale låtskrivarfestivalen Melodica Festival, kuraterte Ava Freddy i Oslo fra 2016-2019. Som artist tar hun publikum med på ei reise med sine betraktninger. Om hun er ved pianoet, eller spelar gitar, er det stemma hennar som trekk lyttaren inn i hennar verd. For tida er hennar tredje plate under arbeid, og hun vil spele nytt materiale saman med nokre utvalgte favorittar frå tidligare utgjevingar.

“As the Norwegian's delicious voice picks apart her latest disappointment, there's accordion, saw, brass and twanging guitar creating a dramatic soundtrack which recalls Tom Waits, Nick Cave and PJ Harvey.”

-The Line of Best Fit


Høyr musikken: https://linktr.ee/avafreddy

Ansvarsfraskrivelse

18 års aldersgrense