Robert Post Duo

Arrangementsinformasjon

Robert Post (født Robert Øien Fylling), frå Langevåg på Sunnmøre, debuterte i 2005 med si sjølvtitulerte plate som han fikk to Spellemannprisar for. Albumet inneholdt førstesingel «Got None», som gikk heilt til topps i Italia, samtidig som den gjorde
det sterkt på lister i Storbritannia, Frankrike og Noreg. Debutalbumet, som blei gitt ut av Universal Music UK og produsert av Mike Hedges (The Cure, Manic Street Preachers, Travis), var “Record of the Week” på BBC Radio 2, og Sunday Times Culture skreiv dette om plata: «The whole of Post’s debut album glories in tunes many songwriters would kill for…»

Musikken blir skildra som sofistikert, stemningsfull og fengande folkrock med særpreg og tidlause melodiar, som om ein blandar Sgt-Pepper era Beatles med Rufus Wainwright sin sjarme, litt Bob Dylan og ein dæsj Neil Young.

I åra etter debuten har Robert Post spelt både på klubbar, festivalar og TV-show i Europa og USA, og etter kvart delt scene med mange kjende namn. I 2009 ble oppfølgaren “Disarm & Let Go” slept til gode omtalar i Noreg. Rhetoric (2011) viste en meir neddempa og akustisk utgåve av sunnmøringen og i 2013 slapp han si foreløpig siste plate “The Button Moulder”, der han spelar alle instrument sjølv.

I 2022 gir Robert Post ut ny musikk, - eit dobbeltalbum med hele 21 låter med gitardrive pop/rock med fullt band og flere gjesteartistar. Med ei fersk lansering i bagasjen kjem han til å gjere en omfattande turné.

På Vesle Kinn kjem Robert Post i duoformat der han har med seg Ronny Yttrehus på gitar.

Restriksjoner

Solgte billetter blir ikkje refunderte
Ca halvparten sitteplassar. Første mann til mølla prinsippet