page view image

Summetonar - Odd-Erik Lothe, Finn Tokvam og Olav Stedje // Vesle Kinn

Arrangementsinformasjon
event image

Olav Stedje, Odd-Erik Lothe og Finn Tokvam gir ut album saman.

Dei tre artistane har samla seg om eit felles prosjekt. Å lage eit album

med utgangspunkt i kor dei kjem frå. Den geografiske og musikalske

fellesskapen. Musikken dei har lytta på opp gjennom. Menneska dei har

møtt langs vegen. Og ikkje minst alle stadane, krikane og krokane dei

kjenner både kvar for seg og saman. Stadar som ber på minner.

Balestrand, Vadheim, Nordfjord, Sogn og Kjølsdalen – desse og fleire

stadar får sine songar. For alle stadane husar tekstar og historier. Frå

poetiske hyllestar, via sjølvransakande erkjenningar til absurde

fortellingar. Frå nærleik til fråvær. I det lokale søkjer dei det universelle.

Kjærleiken, lengten og livet.

Olav Stedje har vore plateartist sidan 1981. I sitt syttiande år ser han

framover og kjem med ny musikk. Brorparten av songane på

Summetonar er heilt nye. Med tekst og musikk signert Odd-Erik Lothe og

Finn Tokvam. Det resterande er gjendiktningar av klassikarar som

Witchita Lineman og Galveston.

Albumet Summetonar kjem 13. april. Gjesteartistar på albumet er Sigrid

Moldestad, Steinar Karlsen og Stardalen Mannskor.

Når Stedje, Lothe, Tokvam no tek med seg albumet og reiser på turné,

blir albumet presentert som ei samanhengande forestilling. Finn Tokvam

vil knyte det heile saman med sine lune og humoristiske betraktningar

rundt temaet i kvar enkelt song. Med seg har dei også langvarig

samarbeidspartnar og medmenneske Halvor Folgerø på bass.

Konserten på Velse Kinn er ein del av lanseringsturneen Summetonar.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar refunderast ikkje
18 års aldersgrense