page view image

Thom Hell trio

Arrangementsinformasjon
event image

Thom Hell har gjennom ei årrekke vore ein av Noregs mest populære og produktive artistar. Som songar, produsent og låtskrivar har han gitt ut ni studioalbum, mottatt tre Spellemannprisar, sjarmert heile Noreg i «Hver gang vi møtes» og vunne «Det store korslaget». Hans plate «Happy Rabbit» ble mottatt med ståande ovasjonar av britisk presse og i 2019 gav han ut heile tre album. Thom Hell har ein lang og innholdsrik karriere bak seg og har gjennom åra blitt ein velkjend og godt likt artist. Ved sidan av eigne utgjevingar har han medvirka på ei rekke suksessfulle samarbeid, bl.a. med artistar som Marit Larsen, Jonas Fjeld, Marte Wulff og Jonas Alaska. Thom Hell hentar mykje inspirasjon frå 60- og 70-talet, og utfrå denne forankringa har han jobba fram eit særeige og vellydande musikalsk uttrykk. I 2022 slapp Thom to album, hans tiande og ellevte: «Today is Tomorrow» i januar og «She Might Cry» i september. Begge mottok strålande kritikkar. Med ferske utgjeving i bagasjen kjem han til å gjere ein omfattande turné. Denne kvelden kjem Thom Hell i trioformat der han har med seg Ronny Yttrehus på gitar og Robert Post på bass og vokal. 

Denne gongen kan en også booke tapas på Lille Marked før konserten. Dersom du kjøper denne billetten møter du på Lille Marked for tapas kl. 18. På Lille Marked sit ein på langbord slik ein pleier på kveldsarrangement. Drikke bestiller ein og betalar ein når ein er der. Ca. kl 20.00 går ein vidare til konserten med Thom Hell trio på Vesle Kinn.

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
Aldersgrense 18 år