page view image

Tom Roger Aadland - Solo

Arrangementsinformasjon
event image

TOM ROGER AADLAND er ein av dei mest kritikerroste artistane i landet dei siste åra. Hausten 2023 slepp han sitt tiande album og drar på turné.

Det nye albumet har fått tittelen «Fire sirklar og ein kross», og inneheld fleire låtar som allereie har blitt publikumsfavorittar, bl.a. «Du e den» og «September» (duett med Kine Nesheim). Aadland er kjend for sine songtekstar på nynorsk, men denne gongen har han skrive på dialekt, nært og sterkt.

«Landets fremste Dylan-tolker leverer noen knallåter på egen hånd», skreiv Aftenposten om hans forrige album «Motgift» (2021). Aadland har hatt ei rekke låtar i rotasjon på norsk radio, og mange har nok høyrt songar som «Alle dei i ei» og «Min beste ven på ein dårleg dag». Han er også kjend som tekstforfatter for Hellbillies, Vamp og Marion Ravn. Bob Dylan-gjendiktningane hans har gjort suksess på Det Norske Teatret, og konserten vil også innehalde ein dose Dylan på nynorsk.

Tom Roger Aadland er framleis på vegen – og framleis på veg. Han er kjend som ein energisk utøvar med ein spesiell evne til å formidle innhaldet i ein låt, og har rykte på seg for alltid å levere varene på scena. Dette blir ein konsertkveld å hugse!

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke