Header image

Ein Tønes-turné med gensaren riktig veg

page view image

Tickets Not Available

BESTILL
Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Tønes og Erlend Aasland lanserer pressebilete med gensar. Og turné.


Endeleg drar Tønes og Erlend Aasland på turné saman igjen. Det har gått ei god stund sidan sist dei stod på samme scene, men no forenast duoen endeleg igjen.


Den sprudlande multiinstrumentalisten Erlend Aasland har ein overaskande evne til å meistre eit stort antal instrument og låtar på kort tid. Ingen veit hva slags nye instrument som vil dukke opp i haust. Sannsynligvis ikkje han sjølv eingong.


Frank «Tønes» Tønnesen har gjennom åra fått ein del grei merksemd for sine finurlege og innsiktsfulle dialekttekstar. I løpet av turnéen til hausten kan det vere at ein blir introdusert for nokre nye slike. Men det er ingen som lovar noko. I alle fall ikkje Frank.


Turnésamarbeidet blir markert med heile tre nye pressebilete med genser. Kenneth Hernes, lydmann og medmenneske, deltar for øvrig også. Han fekk ikkje vere med på bileta, men lever ganske greit med det.

Restriksjoner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte

Organizer
Vesle Kinn