Header image

MarOder tilbake på Vesle Kinn!

page view image
Arrangementsdato

lørdag 4 mai 2024 20:00

Slutter lørdag 4 mai 2024 21:30
Kalenderelementet vil tilpasses din tidssone
BESTILL

Tilgjengelige varer

ticket item
Konsertbillett
event image

Arrangementsinformasjon

MarOder kom nyleg med sitt 5. album, Dalbane. Og i det høvet skal dei ut på signingsferd for å spre slowrocken sin sorg-muntre bodskap.

marOder er hjertebandet til frontmann og låtskrivar Aslag Guttormsgaard, også kjend frå band som Black Debbath, Hurra Torpedo, De sørgelige restene, Bare Egil og Aslags endå meir superpopulære barneshow, og ei rekke andre prosjekt frå Duplex Records. Med seg i bandet har han dei eminente rocketravarane Gunnar Berg-Nielsen (Saluki, Boy og Gartnerlosjen) på trommer og Atle Hassel på Orgel, synt, pedalbass og kor. Maroder er ein trio, men høyrest ut som eit heilt orkester.

marOder spelar psykidelisk slowrock og er du glad i alternativ rock, mørk stemning, munter stemning, seige rytmer samt kaskadar av tremologitar og hammondorgel, rådar vi deg sporenstreks om å ta på deg gå-bort-buksene og komme deg på marOder-konsert slik at du kan stifte nærmare bekjentskap med dette bandet sitt forunderlege univers.

”Det er ikke bare de musikalske raritetene som gjør at det å være på konsert med marOder, er en fryd. Dette er musikere som koser seg på scenen, som får publikum til å kose seg og serverer tekster som får selv salens mest alkoholiserte mann til å stoppe opp og tenke litt. Denne trioen må oppleves”. Hiss!g.no


Bandet sin musikk kan sjekkast ut her: https://maroder.bandcamp.com, eller her: https://open.spotify.com/artist/5UCZ0WsjtdHVkhdzOWv4EC?si=5fsuJ76ySc2R-7L8hx3uTw

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje
Dørene opnar 18.00

Organizer
Vesle Kinn