Header image

Odd-Erik Lothe med band til Vesle kinn

page view image
Arrangementsdato

lørdag 22 nov 2025 20:00

Slutter lørdag 22 nov 2025 21:30
BESTILL
Billettsalg vil starte 3 aug 2025 20:00 CEST
event image

Arrangementsinformasjon

Odd-Erik Lothe feirar 30 år  som artist i 2025 både med å gje ei rekkje konsertar og å sleppe eit nytt album. Laurdag 22. november kjem han og bandet Kveldsstell til Vesle Kinn. Med seg har han songar som ivrige konsertgjengarar og radiolyttarar i Sogn og Fjordane har festa til minnebøkene. Det starta med Jordbær og Grasbrann og bandet Fabel i 1995 og har etterkvart blitt 14 utgjevingar.  I hovudsak på nordfjordmål og innan visesjangeren, men også med nokre sidesteg til rockabilly og humor. Denne kvelden får ein oppleve litt av alt og i tillegg bli kjend med nokre av låtane frå hans nye album – 14. Eit album som allereie innad i bransjen har blitt omtalt som bestenotering.


Med seg til Vesle Kinn har han tre av dei mest erfarne musikarane han har jobba med opp igjennom åra; ein nydelig trio som fargelegg musikken og tekstane til Lothe på meisterlig vis:


Halvor Folgerø: Kontrabass

Jan Erik Reknes: Trompet

Åge Vaksdal: Trekkspel og tangentar

Restriksjoner

Kjøpte billettar refunderast ikkje
18 års aldersgrense
både sitteplasser og ståplasser

Dørene åpner 18.00

Organizer
Vesle Kinn