Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Etter 10 år i Drolsum Stasjon satsar no gitarist, songar og låtskrivar Olav Risan solo! Debutalbumet "Making up for last time" blei sleppt 25. oktober, og i Florø spelar han for første gong på laurdag 15. mars med ein ettermiddagskonsert kl 16.30.
Lydbiletet har Risan og produsenten, Daragh Wearen Murphy, plassert trygt og solid i den norske utgåva av Heartlandrock, eller Innlandsrock om du vil. Der finn vi Anders Dahlberg, Trond Svendsen, Kenneth Norum, The Contenders osv.
Risan skriv på engelsk på denne plata, som også er ein relativt stor og uvanleg overgang i forhold til Drolsum Stasjon, som gjorde bluegrass på norsk. Men tekstane er velskrivne og tydelig gjennomarbeida. Sjølv om temaene i hovudsak svevar rundt kjærleikens uransakelege vegar, så finn vi også tekstar som funderer rundt tema som status eige liv og verda rundt seg.
"Tilbring litt tid med Olav Risan og Making Up For Last Time; det tror jeg du kommer til å sette pris på."
Rune Letrud - Dust of daylight
Det blir altså ein ettermiddagskonsert med Olav Risan, og då kan du jo starte dagen med ein sein lunsj på Lille Marked og gå rett vidare på Vesle Kinn og konsert!