page view image

Thea & The Wild

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Med den intuitive meloditeften til ein sjølvlært musikar har låtane til Thea Glenton Raknes festa seg på mang ein hjernebark. Ho debuterte under namnet Thea & The Wild i 2014 til strålande respons og Spellemannsnominasjon i indieklassen.

I 2018 kom hennar andre album "Ikaros" som Rolling Stone Magazine trakk fram som eit av 10 album ein burde lytte til. Hennar tredje album «Deadheading» har hun produsert og spelt inn med Madrugada-gitarist Cato “Salsa” Thomassen, og det blir sleppt på det velrenommerte plateselskapet Fysisk Format 7. oktober. Her byr ho igjen på ein samling knallsterke poplåtar, denne gongen inspirert av sin nye rurale tilværet på Hurumlandet. Tenk varmt, organisk, luftig, gitarbasert og ekstremt nynnbart! 

Med seg til Vesle Kinn har Thea med seg sin faste "& The Wild" i mangeårigbandpartnar Kenneth Ishak, som også har gjort seg godt bemerka som soloartist, blant anna med fjorårets kritikarroste album "Native Tongue".Thea har ein nerve og eit nærvær på scena som er få forunt, og serverer som regel nokre artige anekdotar mellom slaga. Konserten vil bli i eit nedstrippa format med eit rikt lydbilete. Vi er sikre på at du har eit knippe nye låtar på hjernen når konserten er over!

Beperkingen

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.
18 års aldersgrense