Trio Hjorth - TRØYST // Vesle Kinn
Trio Hjorth, dvs Arne, Sanja og Jorunn kjem på Vesle Kinn med Trøyst. Og det treng vi alle frå tid til anna.
Så kvifor TRØYST? Det er kaldt, det er februar på kloden vår. Treng du ein anna grunn til å få litt trøyst? Alle treng trøyst innimellom, og det kan ein finne i god musikk. Musikk snakkar til sjela. Musikk opnar kroppen sitt eige apotek og frigjer lykkehormon. Jorunn (piano), Sanja (cello) og Arne (vokal/gitar) byr altså på lykkehormon og trøyst gjennom musikken.
Når livet er vondt og vanskeleg, og det hender jo ikkje så reint sjeldan, har Arne alltid funne trøyst i å plukke opp gitaren og spele triste songar for seg sjølv. No har Jorunn og Sanja lurt han ut av mørkret og inn i lyset og varmen på Vesle Kinn. Nokre av desse songane har dei spelt saman før. Sist då dei varma opp for Eliot Bronson på Vesle Kinn i august, og det gjekk veldig bra. Så etter tallause oppfordringar presenterer dei ein heil konser med melankoli og viser i utval.
Vel møtt til Trøyst!
Beperkingen
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.
18 års aldersgrense