Embla and the Karidotters (Duo) // Vesle Kinn

Dyret er laust og bandtvangen er oppheva. Embla and the Karidotters er klare med sitt andre album. Debuten Hello, I'm Embla vann Spellemannprisen i Country og tok bandet Noreg rundt og vidare ut i den store verda. Korleis følger ein opp noko sånt?
Med MEIR naturlegvis. Off Leash er rett og slett betre, tøffare og råare. Det stjernespekka bandet låter sylskarpt. Andrealbumet blei sleppt 23. august 2024 og viderefører bandet sitt røffe honkytonk noir-lydbilete med hint til Ennio Morricone, Nancy Sinatra og David Lynch-filmar.
Embla and the Karidotters er bandprosjektet til Razika-trommis Embla Karidotter. Etter Razika blei lagt på is, samla Embla sine «Karidotters» frå omkringliggande band som Razika, Honningbarna, Sløtface, Slomosa og Aiming for Enrike. Dei gjekk raskt i gang med å både spele konsertar og å spele inn. EP-en Howling ble sleppt i 2021, og hausten 2022 kom debutalbumet Hello, I'm Embla.
Våren 2023 mottok Hello, I'm Embla Spellemannprisen for beste countryalbum, ei perfekt avrunding på eit vellukka albumslepp. Festivalsommeren 23 blei travel, med opptreden på den største største countryfestivalen i verda, Stagecoach i California, inkludert norske festivalar som Øya, Bergenfest, Norsk Countrytreff, og Vinjerock. Våren 2024 blei sparka i gang med ei travel veke på SXSW i Austin.
Denne kvelden byr dei på ein nedstrippa duo-konsert der musikken deira får ei ny drakt. Vi kan trygt seie at du blir meir kjend med Embla på denne måten, der hennar historiefortelling er like sterk mellom låtane, som når ho syng. Vi kan love ein intim countrykveld med nydeleg musikk, humor og... line dance?!...