Header image

Eliot Bronson kjem tilbake på Vesle Kinn!

page view image
Evenemangsdatum

onsdag 14 aug 2024 19:30

avslutas onsdag 14 aug 2024 21:30
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

Konsertbillett
event image

Evenemangsinformation

Over fem album har Eliot Bronson skapt sitt eige sound innanfor Americanasjangeren. Han har vunne fleire utmerkingar for sin musikk, turnerer jamnt og trutt i USA og Europa, og med sin karakteristiske kraftfulle og inderlege stemme har han vunne hjarte over hele verda, også i Florø!


Hans vekentlege liveforestillingar på Facebook, som starta under pandemien, passerte 165 sammenhengande veker før han tok ein pause, og har gitt ham eit heilt nytt publikum. Det siste året har han atter vore aktiv med sine faste onsdagskonsertar som han sjølv seier har gjort han til ein betre vokalist, utøvar og låtskrivar.


Der hans to første album blei produsert av Grammy-vinnande Dave Cobb (Jason Isbell, Chris Stapleton), så skapte han akkurat den plata og det soundet han ønska då  “Empty Spaces”  kom ut i 2020. Eit samlivsbrot førte han frå Atlanta til Nashville, og deretter til ein etterkvart legendarisk turné i Noreg, som skaffa han både nye venner og nye fans over heile landet. Inspirert av brot og Europaturné laga han ei plate som er tungt inspirert av livet og landet han besøkte når alt var på det mørkaste. 


I 2024 kom plata “Talking To Myself”, der Bronson får hjelp av produsent Damon Moon. Saman strippa dei lydbiletet heilt ned til akustisk gitar, vokal og ein ståbass. Nokre korte glimt av ein elektrisk gitar, og litt perkusjon har funne plass - elles er det stemma og tekstane som er stjerna på plata - som har fått svært gode tilbakemeldingar frå musikkpressa.


Låtane på plata er delvis ein avsluttande epilog, som fungerer som ei avslutning av forrige plate, og samtidig eit blikk framover mot det som skjer i livet hans i dag. 


Under forrige turné, i 2023, så besøkte også Eliot verdens minste stavkyrkje i Undredal, der han som første amerikanske artist spelte ein unik intimkonsert, som også ble filma og tatt opp med tanke på ei framtidig utgiving. Det ble også filma ein Dust of Daylight Session i kyrkja, som ligg tilgjengelig på YouTube.


Eliot tar med “Talking To Myself” i kofferten, og planlegg å reise Noreg på kryss og tvers i august, og gler seg til å spele det nye albumet for nye og gamle venner. 


Som support gjer Arne Hjorth Johansen comeback på Vesle Kinn, saman med Jorunn Bakke Nydal på piano og Sanja Dukanac på cello.

Restriktioner

Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
18 års aldersgrense

Arrangör
Vesle Kinn