Header image

Haukland // Vesle Kinn

page view image
Evenemangsdatum

lördag 15 nov 2025 20:00

avslutas lördag 15 nov 2025 21:30
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Konsertbillett
ticket item
Konsertbillett -U40
event image

Evenemangsinformation

Eit stadig ekspanderande univers av snodige tekstlinjer, fengande melodiar og gitar-riff som både slår hardt og svever mjukt. Enkelte har kalt det for Dirty DeLillos – det tekstlege og melodiøse universet kan minne om det, men med eit noko meir fandenivoldsk glimt i auget. 


Bandet Haukland oppstod i kjølvatnet av Henrik Hauklands debutalbum "Ute av Verden" (november 2024), og består av eit sterkt lag vestlandsmusikarar: 

Marius Loftesnes (gitar), Amund Stokke (bass) og Kristian Bjelland (trommer). Trass i at dei er rekna for å vere relativt ferske, har dei allereie vekt oppsikt – både hos Hank Von Helvetes tidligare manager Boye Nythun, som no representerer dei, og hos Honningbarnas Nils Jørgen Nilsen som både "cringet" og har spådd lysande utsikter for prosjektet. 


Live er Haukland eit energisk band med ein brei spennvidde – frå leikne, eksperimentelle låtar til umiddelbare pop-perler. Flere publikumarar har trekt fram evna til å vere særeigen utan å vere sære, og for å engasjere publikum. 

For å få eit inntrykk kan ein sjekke ut låtar som "Månesaft" og "Palle" som viser den mer eksperimentelle sida, og "La meg leve" for det reinskårne pop-handverket som ligg i botn. Med fleire konsertar bak seg i Oslo, og stadig veksande oppmerksomheit/disiplar som bandet ville sagt, er Haukland klare for å spreie bodskapen i det ganske land!

Restriktioner

Kjøpte billettar refunderast ikkje
18 års aldersgrense

Arrangör
Vesle Kinn