Header image

Hayseed // Vesle Kinn

page view image
Evenemangsdatum

lördag 13 sep 2025 20:30

avslutas lördag 13 sep 2025 22:00
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Konsertbillett
event image

Evenemangsinformation

Det er med stor glede vi kan fortelle at Hayseed endeleg skal få spele på Vesle Kinn! Forrige forsøk blei effektivt stoppa av Covid. No er dei endå eldre, og om muleg - endå visare(!). Det her blir classic Hayseed, kun originalt materiale, med original besetning, og det blir servert eit herleg sett beståande av kjende slagerar, pluss nokre raritetar dei ikkje har gjort live på ei stund.

Hayseed har gitt ut to album og ei rekke Ep'ar og singlar. Gruppa har også vore på 8 turnear for Rikskonsertene, og har vore innom mange fylker i høve dette. I 2007 / 2008 var Hayseed backingband for Eric Martin (vokalist i Mr.Big) når han var innom Noreg på turné.  Alle i bandet har vore aktive som freelancemusikarar, og dei har vore brukt som musikarar på TV-produksjonar, i forskjellige band (Aunt Mary, Terje Rypdal, Mari Boine, Askil Holm, LidoLido, Street Legal, Funkaholic osv) og i studiosamanheng. Hayseed, kort fortalt: rockeband med lang fartstid, beståande av rutinerte musikarar, som er opptatt av å levere genuint handverk live. Dette er rock som har røtter i blues og tildels funk. 70- talls inspirert musikk.

Hayseed har eksistert av og på siden 2001. Dei første åra var dei veldig aktive, med mange festivaljobbar og faste konsertar på Smuget i Oslo. I 2004 var bandet to måneder i USA og gjorde 20 spelejobbar på Østkysten, bl.a et par supportjobbar for Johnny Winter samt nokre klubbjobbar i New York. Mest minneverdig var ein konsert på The Bitter End (legendarisk rockeklubb i Greenwich Village) der bookingsjefen faktisk ville hyre Hayseed inn som fast husband! Dei siste åra har vi spelt mest rundt på Austlandet, men no gler dei seg enormt til eit besøk på Vesle Kinn. 

Restriktioner

Ståande konsert
Kjøpte billettar blir ikkje refundert
18 års aldersgrense

Ansvarsfriskrivning

Ståande konsert
Kjøpte billettar blir ikkje refundert
18 års aldersgrense

Arrangör
Vesle Kinn