Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Etter braksuksessen med debutalbumet “Alt er nytt” har Kristi Brud etablert seg som eit av dei mest spennande banda i Noreg. Albumet blei belønna med Spellemann for Årets Rockeplate i 2024, og pressa var unisont begeistra: VG, Aftenposten, Klassekampen og Bergens Tidende trilla alle terningkast 5, og media trakk fram plata som ei av årets aller beste utgjevingar.
Hausten 2025 slepp bandet endeleg oppfølgaren til “Alt er nytt”, og markerer det med ein Skandinavia-turné og fleire konsertar i Noreg. Første smakebit, singelen “Et fall”, blei sleppt i sommar og styrkar forventningane om eit kruttsterkt andrealbum!
Høyr “Et fall” her: lnk.to/etfall
Omtale: Alt er nytt:
popklikk.no "Et ambisiøst og kruttsterkt debutalbum"
“Årets beste 2023”-plasseringar:
Aftenposten: Årets beste album - 7.plass / Årets beste rockealbum - 1.plass
NRK P13 Stjernepose: Årets beste låt - Spiller Ingen Rolle - 1.plass
Bergens Tidende: Årets beste album - 3.plass