page view image

Bokassa på Vesle Kinn

Information
event image

Powertrioen Bokassa aka “Norsk Rocks Buzz Aldrin” har, til ambisiøse slackere å vere, opplevd ganske mykje i løpet av sin relativt korte eksistens. Dei har gitt ut tre kritikarroste album, turnert med Mastodon, Baroness, Judas Priest, Zebrahead, Therapy? og Metallica. Spelt på fleire av dei største festivalane i verda (Wacken, Download, Hellfest, Tons of Rock, Øya). Dei har blitt nominert til Spellemann (og tapt), vunne Bendiksenprisen, spelt live-session hos BBC Radio 1 og prøvd i allefall fem forskjellige typar Pepsi Max undervegs. 


Den sjølvutgjevne debuten “Divide & Conquer” blei kåra til eit av 2017s beste debutalbum av ærverdige Metal Hammer UK, og eit av dei beste norske platene i dei siste tiåra av Gaffa. I 2019 ble de håndplukka av Metallica, sammen med Ghost, som support på deira “Worldwired”-turné, utan verken plateselskap, management eller bookingselskap i ryggen. I 2021 signerte dei med storselskapet Napalm Records og gav ut tredje plata «Molotov Rocktail» gikk rett inn på 18. plass på VG-Lista Topp 40 og fikk strålande kritikkar i både inn- og utland. 


I februar 2024 gav norske Indie Recordings ut bandet sitt fjerde fullengder “All Out Of Dreams” til strålande omtalar, blant anna 4/5 i Kerrang, 8/10 i Metal Hammer UK, 5/6 i Dagsavisen og 8/10 hos Musikknyheter. Kerrang sa det kanskje aller best med følgande linje: “Count on Bokassa to keep serving up absolute bangers”. Noko det er vanskeleg å vere ueinig i viss ein har høyrt plata. Albumet er spelt inn med Tue Madsen (The Haunted, Meshuggah, Babymetal, Madball) i Antfarm Studios, har musikalske gjestar fra Sick Of It All og Red Fang, og viser eit band som aldri har vore i betre form. Musikalsk altså, den fysiske formen er framleis på staden kvil.  

Restriktioner

18 års aldersgrense
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
Dørene opnar kl. 18.00
Ingen sitteplasser