page view image

Oddny // Vesle Kinn

Information
event image

ODDNY PÅ VESLE KINN IGJEN!

Med låtar som “Oktober, Bergen by”, “Barndomsmelodi” og “Bittelitt” har Oddny markert seg som eit vestnorsk unikum i norsk musikkliv. I tillegg til radiosuksessen, ei rekkje utselde konsertar og ein stadig veksande fanskare mottok Oddny Luttprisen 2024 i kategorien Årets Nykommar. I 2025 blei dei nominerte til hovudprisen. 


Oddny har utvikla ein heilt karakteristisk musikalsk sound som dei kombinerer med særeigne tekstar på dialekt. Dei har blitt kjent som eit framifrå liveband og i 2025 besøker Oddny eit drøss små og store scener og festivalar landet rundt!


Bandet har musikalsk hovudkvartet i Gamlahuset i Bremanger, der dei i periodar bur og arbeider saman. Mykje av musikken blir både skriven og spelt inn i dette huset, med trommis og produsent Oliver Igland bak spakane. Oddny gir ut på eige label, HotWater i samarbeid med MATE/The Orchard. 


Oddny er i framovergir! Dei er utkvilte, bevæpna med ferske plekter og har planane klare! Vil du vere med, så heng på!


Omtale:

Restriktioner

Kjøpte billettar refunderast ikkje
18 års aldersgrense
Ståande konsert