Ole Kirkeng // Vesle Kinn

Har du nokon gong kjent på den enorme sigeren det er å få ut søpla før klokka ni? Å vere på toppen av verda når du faktisk hugsa at det var din tur til å hente barna på skulen? Føle seg heilt sjef når du møter opp med ei halvspist sjokoladeøskje frå Nille som jubileumsgåve? Det er ånda som ligg bak Ole Kirkeng sin nye singel "Bare Minimum."
Tidligare i år kryssa Kirkeng og bandet grensa til Rockbonden Studio — Amanda Bergmans gård og analoge studio, djupt inne i dei snødekte svenske skogar. Omgitt av tre, kuer, og stillheit, tilbrakte dei fleire dagar med å spele inn låtar saman med den Nashville-baserte produsenten Dom Billett (Phosphorescent, Andrew Combs, Erin Rae).
Resultatet er Cowboy Lie Detector Machine — Kirkengs andre studioalbum, fylt med humor, sjølvironi, melankoli og brutal ærligheit.
Kirkeng gjorde seg først bemerka med EP-en Rocking Chair i 2021, som vann Spellemannsprisen for Beste Countryalbum. Hans veg inn i americana-sjangeren starta som turnémedlem i Courtney Marie Andrews’ band, og sidan har han delt scene med navn som Molly Tuttle, Bonny Light Horseman, Willi Carlisle, S.G. Goodman – og Andrews, igjen. I 2023 kom debutalbumet Still Not Lost, som sikra han enda ein Spellemann-nominasjon.
Cowboy Lie Detector Machine blir sleppt i januar 2026. Eit steg vidare på alle måtar, og et bevis på at Kirkeng, ein av Norges mest særeigne låtskrivarar og artistar, bare blir berre skarpere.
Restriktioner
Kjøpte billettar blir ikkje refunderte.
18 års aldersgrense