page view image

Vilnes - Outsider // Vesle Kinn

Information
event image

Bli med på ein unik kveld når Vilnes slår på stortromma og feirar sleppet av sitt debutalbum Outsider på Veslekinn i Florø den 31. mai!

Du kan forvente både inderleg folk-pop og energiske kraftsalver denne kvelden, når Vilnes tek publikum med på ei musikalsk reise - ei oppleving du ikkje kan gå glipp av.

Albumet er fødd ut av dei tøffaste tidene i livet og tek med lyttaren på ei rørande ferd gjennom mørke, sårbare og ærlege tekstar, der undertonane av fortviling møter håp og energi. Frå djupt melankolske tonar til energiske utfaldingar, reflekterer Outsider både fortidas indre kampar og dei lysare momenta i livet.

Eivind Vilnes (vokal, akustisk gitar) tek med seg sitt solide band beståande av Ella Helen Bukkøy (fiolin, vokal), Erik Rolland (leadgitar), Felix N Rudi (trommer) og Andreas Naustdal (bass) for å framføre låtane live. 

Vilnes med band har inntatt scena på Vesle Kinn fleire ganger før og jubelen har vore i taket kvar gang, så det skal bli godt å få eit gjensyn med øy-guten og det magiske bandet.

Ikoniske festivalar som Kinnfest, Bergenfest, Malakoff og Øyafestivalen har allereie fått smake på Vilnes' musikalske kuriositeter.

Denne konserten blir ein opplevelse du ikkje vil gå glipp av!


Billettslepp søndag 9. februar kl. 20. 

Restriktioner

18 års aldersgrense
kjøpte billetter blir ikkje refunderte
50 sitteplasser, resten ståande