Header image

Ein skule for alle - temakveld om ufrivillig skulefråvær/skulevegring

page view image
Event date

Tuesday 22 Oct 2024 19:00

Ends Tuesday 22 Oct 2024 21:00
Calendar entry will adapt to your local time zone
order

Available items

Foredrag
event image

Event information

Cecilie Udberg-Helle er ekte Florø-jente, lærar og spesialpedagog, og har i mange år jobba i Kinn-skulen. No er arbeidsgjevaren Sunnfjord Kommune, der ho er leiar i prosjektet "Førebygging av langtidsfråvær i skulen". Vi kunne nyleg lese i Firdaposten at Cecilie skal skrive doktorgrad om samme tema. Og håpet er at prosjektet og forskningarbeidet også skal gi inspirasjon, viktig kunnskap og ha ein verdi for omliggande kommunar, regionalt og nasjonalt. I kveld er vi så heldige at vi kan få høyre litt om tematikken på Vesle Kinn. 

Så er du nyfiken på tematikken? Ønsker å vite litt meir om kva det faktisk er, og kva som kan vere medverknad til at nokre born og unge ikkje greier å vere på skulen? Er det noko føresette og skule kan gjere når ein ser dei første signala? Og kva er eigentleg dei første signala? Korleis kan ein støtte både eleven og familien som står i denne problematikken? Og ønsker du å vite litt meir om fråværsprosjektet til Sunnfjord Kommune? 

Velkommen til ein lågterskel temakveld der vi dukkar litt djupare ned i dette, med rom for spørsmål og diskusjonar undervegs, eller kanskje ein berre ønskjer å lytte. Kanskje vil ein få eit litt nytt syn på korleis vi som samfunn kan jobbe ilag for å hindre utanforskap for våre barn og unge? Dette er eit tema som berører mange i samfunnet vårt, også i Kinn Kommune. Vi håpar både foreldre/føresette, besteforeldre, ansvarlege innan fritidsaktivitetar, pedagogar, byråkratar, politikarar og andre som spelar ei viktig rolle i barn og unge sine liv vil komme. Skal Kinn-skulen vere "ein skule for alle" må vi ha meir openheit og vi må ha kunnskap.

Arrangementet er gratis, men du må booke deg billett på TicketCo. Dørene opnar kl. 18. 

Og du! Spre gjerne bodskapen til dei du tenker gjerne vil komme denne kvelden! Takk!

Organizer
Vesle Kinn